|
|
Medlemmer :Silje Ree (19)
Skapande Skriving Time :Studie: Skapende skrivingFylke: Rogaland År: 2012 Media filer: |
|||
Silje ReeMin draum er å gje ut ei bok. Kva vil du bli når du blir stor? Alle andre ville bli frisør, eg ville bli forfattar. Til og med før eg forstod kva alle orda betydde, sovna eg seint på kvelden med nasen i boka. Eg gjekk i fyste klasse på barneskulen. Ein dag me var ute å leika, sa eg til veninnene mine: Sei eit ord, så skal eg laga eit eventyr. Eventyret handla om hestar og prinsesser. Det var ofte akkurat det eventyra mine handla om, hestar og prinsesser. Som lita laga eg det eg skulle gi i presangar til familien min. Eg skreiv på datamaskinen og printa ut dikt og små forteljingar. I femte klasse byrja eg på skapande skriving i kulturskulen. Der laga me songar, dikt og noveller. Eg byrja å interessere meg for å skriva krimnoveller med skumle og uventa avslutningar. Då eg var 11 byrja eg verkeleg å lesa tjukke bøker. Det starta med Harry Potter serien. Sidan har boksamlinga hopa seg opp, og nye større bokhyller har blitt handla inn. I skrivekurset sin regi gav me ut bøker med nokre av tekstane våre, og me las opp tekstane på forestillingar. Eg har vore elev alle dei åra kurset har eksistert i kulturskulen, og går framleis til undervisning ein gong i veka. Eg byrja å ta med meg ei skrivebok over alt. Eg skreiv ned kjensler eg hadde, og ting eg såg. Opp gjennom åra har skulen fått besøk av forfattarar, det har vore kjempespanande å få vita korleis det er å lage ei bok, kva som inspirerer, og kva ein kan gjere dersom ein får skrivesperre. Jula 2010 jobba eg på bokhandelen Norli. Der vart eg oppdatert på bokfronten og fekk hjelpa folk med å finne bøker som kunne interessere dei. Det var veldig kjekt å jobbe som ekstrahjelp for bokhandlaren. I tiande klasse var eg med og skreiv deler av eit stort manus til kultureskulen si tverrfaglege ungdomsforestilling, og i same forstilling las eg opp eigne dikt. Eg oppdaga kor kjekt det var å skriva dikt i fri form, og eg leika med ord for å laga nye bilete. No har eg ei bok der eg skriv for meg sjølv, det er viktig for meg å kunne sette ord på kjenslene mine. Draumestipendet kan hjelpa meg på vegen med å utvikla skrivinga mi. Eg kunne tenkt meg å tatt fleire skrivekurs, fordi eg syns det er spanande å læra nye måtar å skriva på. Nyleg oppdaga eg ei internettside der ein kan trykka opp bøker, blurb.com. Det høyres spanande ut å samla nokre tekstar eg har skrive og trykka nokre eksemplar. På skrivekurset har me hatt turar til Egersund og eg kunne godt tenkt meg å bestilt ein togbillett og reist rundt med penn og papir. Det er ikkje alltid det som er A4 som er mest interessant, eg likar å tenkja meg inn i hovudet på folk. Før har eg skrive små krimnovellar, men no skriv eg meir annleis, absurde tekstar. Eg likar å jobbe med å setta saman nye ord og skapa dikt. Det er spannande korleis ord kan appellera og skape bilder. Foreløpig har eg skrive mest små tekstar, men eg håper på ein gong å kunne skrive noko lengre. Eg skriv på nynorsk og ein del på mi eiga dialekt, jærsk, det er dei orda eg finn først når eg skriv. Nynorsk er og eit veldig fint språk å nytte i diktsjanger og det er det som er hovudmålet mitt.
|
||||

