Medlemmer :

Miguel og Daniel Falcon Græsdal (19)
Spelar trekkspel

Skodje :

Studie: Musikk
Fylke: Møre og Romsdal
År: 2012

Foto:

Bilde

Media filer:

lyd

Miguel og Daniel Falcon Græsdal

Vi er tvillingar. Vi byrja å spele i 2002 på Skodje Kulturskule.
Etter nokre år bytta vi over til nabokommuna Ørskog der vi også byrja å spele i orkester.
Kvart år deltek vi på Distriktsmeisterskap og Noregsmeisterskap. Vi har vunne fleire gangar som duett og solist på distriktsmeisterskapa og vann som duett på NM i 2010.

Vi har delteke på UKM sidan vi var 10 år og ofte gått vidare til fylkesmønstringa.

Vi likar godt å opptre.

Vi var med på å gi ut plate saman med Ørskog Trekkspelorkester.

Vår draum er å vidareutvikle oss til vi er på eit høgt nivå, der vi kan nytte trekkspelet aktivt. Til dømes som å undervise, delta på konsertar eller til og med halde eigne konsertar.

No som vi har byrja å reise til Oslo for å øve med Håvard Svendsrud, har utgiftene auka. Det er også utgifter knytt til reise/opphold når vi deltek på ulike tevlingar og arrangement.