Medlemmer :

Tore Thiesen (20)
foto/video-kunstnar

Kvam :

Studie: Annet
Fylke: Hordaland
År: 2012

Foto:

Bilde

Tore Thiesen

Mitt navn er Tore Thiesen. Eg er elev ved Framnes Kristne Vidaregåande Skule. Frå tidleg av har eg vore kulturelt aktiv med slagverk, band og gitar. Dei siste åra har eg derimot fått ei større interesse for foto og video. Det heile begynte med at eg skrapa saman alle kronene eg hadde, og gjekk til innkjøp av eit Canon spegelreflekskamera. Eg hadde lenge hatt lyst på eit kvalitetskamera. Raskt forstod eg at dette var min lidenskap. Like raskt gjekk det opp for meg at fotografi er ein utrulig dyr hobby. Eg ville ha nye linser, nytt utstyr. Ein dag kom eg tilbake frå Bergen med min nye yndling, ei 50mm f/1.4 linse frå Canon. Endelig blei det kvalitet på bilda, endelig fungerte ting slik eg ville dei skulle. Men moroa varte ikkje lenge. Eg hadde behov for nytt utstyr. I fjor haust oppdaga eg kva muligheiter ein hadde med video. På skulen fekk me i oppgåve å laga ein film. Ingen reglar, ingen grenser. Det var ei fryd, alt fungerte så vel.

I dag går eg i 3. klasse, russetida nærmar seg. Til neste år skal eg på folkehøgskule. Linja eg har valt heiter Foto og Video, eg skal satsa på hobbyen min. Satsa på noko eg veit eg likar. Men eg treng hjelp. Hjelp til å finansiera hobbyen.

For å utvikla meg vidare innanfor foto, og spesielt film, treng eg ein del utstyr som kostar pengar. Nye linser, stabilisering, og mikrofonar er berre nokre av tinga som trengs for betre filming.

Drømmen min er å kunne leve av dette. Eg har utrulig lyst å lage reklamer, kampanjar og reportasjar for ulike aktørar. Slik kunne eg brukt ulike medium, som bilde, lyd og film for å få fram bodskapen på den beste måten. Å filme aktuelle tema, vise konfliktar i samfunnet. Det er viktig å setje problem under debatt. Eg vil aldri slutte å fotografere. Kameraet har vekt så stor interesse inni meg at eg ikkje kan slutte. Det er dette eg brenn for.

Min fyrste video (ein kampanje mot voldtekt) Deltok på UKM 2012 med denne, blei vidaresendt til Fylkesmønstring, og håper på Landsfinale i år også! MotVoldekt - http://www.youtube.com/watch?v=44PWniihUGo

Nokon av bilde mine - http://www.flickr.com/photos/torethie93/

Deltok på UKM i 2011. Med fleire fotografi. Kom fyrst til Bergen og seinare til landsfinale i Trondheim, med The Entertainer - http://www.flickr.com/photos/torethie93/5499895515/in/photostream