|
|
Medlemmer :Hans Kjorstad (20)
Felespiller Sør-Fron :Studie: MusikkFylke: Oppland År: 2012 |
|||
Hans KjorstadDraumen min er rett og slett å verte ein drivande god instrumentalist og improvisatør. Eg spelar fele, eit instrument eg meiner fortsatt har eit stort potensiale innanfor improvisasjonsmusikk og eksperimentell musikk, og eg har hug til å utforske instrumentet mitt mykje meir. Eg har ein solid bakgrunn innan folkemusikk, og eg føler meg privilegert som har fått ei grundig opplæring i tradisjonsmusikken frå Gudbrandsdalen, der eg kjem frå. Dei siste åra har eg brukt mykje tid på min fasinasjon for improvisasjonsmusikk, barokkmusikk og ny musikk, både akustisk og elektroakustisk. Eg har utruleg mange musikalske prosjekt som eg drøymer om å få gjort noko med, det vere seg ulike grupper eg har lyst til å starte og musikk eg har lyst til å skapa!
I løpet av dei no snart tre åra eg har gått på musikklina ved Vinstra vidaregåande skule har eg utvikla meg mykje, både med hjelp frå dyktige lærarar på skulen og andre musikarar eg har teke timar med. Eg har òg stort utbytte av å vere med i talentutviklingsprogrammet ved Noregs musikkhøgskule. Det kostar derimot mykje pengar å reise til Oslo og Trondheim for å ta timar. Det er òg mykje utstyr eg ynskjer å kjøpe, mellom anna mikrofon, amp og annan elektronikk, som eg vil nytte i samspel med andre meir høglydte instrument enn fela.
Viss eg fer Drømmestipendet, vil det vere ei hjelpande hand økonomisk og ikkje minst ein enorm kjelde til meir inspirasjon for meg som uetablert musikar.
For å gjere draum til røyndom lyt eg studera musikk, og akkurat no er eg midt i ei periode der eg prøvespelar fleire stadar, både på jazzstudiar og folkemusikkstudiar. Til no har det gått veldig bra, men kor eg til slutt endar opp som student, er eg ikkje sikker på. Eg er uansett topp motivert for å øve alt eg kan for å gjere den store lidenskapen min, musikken, om til eit levebrød. |
||||

