Jan Anders Presthus

Eg er ein gut på snart 16 år som kjem frå Stord. Heilt sidan eg lærte å steppa som 8-åring har eg aktivt prøvd å skape interesse for denne kunsten. Eg har brukt mykje tid og krefter på å trena opp ferdighetane og forbetra teknikken. Me har eit godt dansemiljø på Stord, med mange dyktige pedagoger og hos dei har eg lært mykje om koreografi og mange former for dans.

I 2014 vant eg  junioklassen for mannlege solistar i EM (i steppdansing) og det gav meg fleire høve til å promotera steppdansen. I januar 2015 vart eg invitert av NRK/NIF til å opptre på Idrettsgallane. Der fekk eg både steppa og annonsera prisen for beste idrettsutøvar i "open klasse" det året. Seinare i 2015 fekk eg tildelt prisen som årets nykkommar på Norges Danseforbund sitt arrangement: Dance Awars.

Drømmen

Min draum er at steppdansen kjem tilbake og får sin renessanse, både lokalt, nasjonalt og globalt. Dette er ei kunstform som oppstod i Amerika for hundre år sidan, samtidig med jazzen. Jazz og steppdans kan ein rekna som USA sin folkemusikk og tilhøyrande folkedans, med røter tilbake både til Europa og Afrika. Denne nye musikken og dansen vart veldig populær i mellomkrigstida, særleg gjennom sceneshow og film. I dag eit halvt hundre år seinare, fins det rom for mange retnningar innan musikk og dans.  Håpet om at steppdansen kan få sin renessanse. Ingen ting ville gleda meg meir.

Å drive med steppdansing er ikkje nytt i Noreg, men eg reknar meg likevell som ein slags pionèr. Mange har drive med stepping som kunst, men ingen har eigentleg drive det som idrett. det var så nytt at me måtte gå fleire rundar i Norges Danseforbund før den formelle godkjenninga var i orden. det er Internasjonal Dance Organization (IDO) som arrangerer EM og VM, og frå desember 2013 har Noreg vore representert med eit landslag beståande av meg som utøvar og mamma som "team captain". Dei fleste av konkurrentane har profesjonelle krefter bak seg, men eg er min eigen koreograf og trenar. Likevell hevda eg meg bra, og aller best i EM i St.Petersburg i oktober 2014, der eg vann junioklassen for mannlege solistar. I år fyller eg 16, så draumen er no å hausta medaljar og pokalar i seniorklassen.

Eg har henta inspirasjon og lærdom frå dei fremste steppdansarane i vår tid. Om steppdansen skal koma tilbake, må fleire læra seg kunsten - og den draumen vil eg vere med på å realisera. 

Kategori: Dans

Sted: Stord, Hordaland

Nominert: 2016

Medlemmer:

Jan Anders Presthus (født 2000)
Dansar

På nett:

Link (ingen tittel)
Link (ingen tittel)

Mediafiler:

19109.mp4