Stine Regina Tusvik

Stine Regina blir 16 år i slutten av 2017, og går siste året på Møre ungdomsskule. Første gong ho sang offentleg  åleine var ho berre 4 år. Før dette sang ho i barnekor. Å synge var livet for henne. Då ho var 8 år byrja ho å ta sangtimer ved Sykkylven kulturskule, samtidig som ho og tok pianotimer. Men det var sang som vart hovedinstrumentet. Ho har alltid hatt eit spesielt forhold til klassisk sang, sjølv om ho ofte syng andre sjangrar. Seinare har ho også vore innom jazz-inspirert sang, noko som ho behersker svært godt. Ho har Marianne Ravn Stavseng som lærar. Ho er utdanna operasangerinne og er til stor hjelp for Stine. Stine Regina opptrer ofte med sang ved konsertar i ulike settinger og private oppdrag. i 2015-2016 deltok ho i eit prosjektkor der dei framførte utdrag av musikalane " Phantom of the Opera" og "Les Miserables." Der hadde ho ei mindre birolle som solist, saman med Stine Hole Ulla, Mads Belden og Magne Fremmerlid. Dei turnerte rundt i fylket, og ho opptrådte i tillegg med eigne solonummer der ho fekk gode tilbakemeldingar. Ho har deltatt i UKM fem gongar, i 2016 gjekk ho først vidare til fylkesmønstring, og seinare til landssamlinga i Trondheim. I 2017 er ho no vidare til fylkesmønstringa igjen. Stine blir stadig oppmuntra av sanglæraren og av pianolæraren Askjell Molvær til å gå vidare med sangen fordi dei ser potensialet hos henne. 


Drømmen

Min drøm er å få leve av sangen. Å få dele min sang med andre slik at dei får oppleve musikken på same måte som eg, og bli fylt av glede. Min store drøm har alltid vore å få synge på dei store, kjente scenene rundt om i verden, slik som Sissel Kyrkjebø, Jackie Evancho, Celtic Woman m.f. gjer. Drømmestipendet kan vere ein god start på denne vegen. Til hausten har eg håp om å komme inn på Kongshaug musikkgymnas. Eg har også søkt om opptaksprøve ved talent-utviklings programmet til NTNU- Trondheim. Seinare vil eg studere musikk/sang ved eit universitet/høgskular enten i inn- eller utland. Om eg får drømmestipendet vil det hjelpe meg økonomisk til å utvikle både evner og kunnskap. 


Kategori: Musikk

Sted: Sykkylven, Møre og Romsdal

Nominert: 2017

Medlemmer:

Stine Regina Tusvik (født 2001)
Sang

På nett:

The prayer
Pie Jesu (Lloyd Webber)

Bilder: