Kristina Fransson

Mitt navn er Kristina Aase Fransson, eg kjem frå Førde i Sogn og Fjordane og går i 1. klasse på Hafstad Vidaregåande skule. Fritida mi brukar eg mykje til musikk, og det har eg tenkt å fortsette med. Eg byrja å ta pianotimar då eg var 6 år og har fortsett med det. Eg har blant anna vore med på pianofestivalar i Førde og i Italia.

I 4. klasse hadde vi eit prosjekt på skulen som heitte «Korps i skulen» der eg fekk spele kornett ein gong i veka. Eg fekk stor interesse for dette og byrja året etter å ta kornettimar på kulturskulen med Arvid Anthun.

På kulturskulen tok eg også gitartimar i nokre år og spelte i tillegg bassgitar i eit band i fem år. Eg spelar desse instrumenta i dag også, og har byrja å spele med ein loop pedal som eg lagar mykje musikk med, der eg får kombinert fleire av instrumenta. Eg brukte konfirmasjonspengane mine på ein trompet, og i dag er kornett/trompet mitt hovudinstrument og det eg satsar mest på. Eg tar kornettimar med Arvid Anthun ein gong i veka, spelar i Førde Skulemusikkorps, Nordvest Ungdomsbrassband, Sogn og Fjordane Symfoniorkester og har dei siste åra spelt i brassbandet Jølster Musikklag, som er i 2.divisjon nasjonalt. I tillegg har eg nyleg, saman med andre ungdommar, starta eit brassensemble som blir kalla JUBLE. På nordvesten for skulekorps i 2014 spelte eg solo med Førde Skulemusikkorps og vant prisen «beste solist», og eg har delteke på UMM dei to siste åra og kome til landsfinalen begge gongane. Eg har også hatt fleire solistoppdrag der eg har spelt solo med Eikanger-Bjørsvik Musikklag, nyttårskonsert med Bergen Filharmoniske Orkester og også konsertar saman med pianolæraren min Akiko Anazawa.

Drømmen

Med kornett/trompet som hovudinstrument ønskjer eg å formidle musikk på min eigen måte, spele med ulike orkester og lære mykje meir. Min drøm er å kunne fortsette å utvikle meg musikalsk. Ikkje berre på eit instrument eller innan ein sjanger.

Eg vil utforske meir, og lære meir om både klassisk musikk, korpsmusikk, brass, moderne musikk osv. Mange seier at viss ein skal bli skikkeleg god til noko, må ein berre konsentrere seg om denne tingen. Eg vil vise at det går an å kombinere fleire instrument på ein god måte.

Det beste med musikk er å framføre saman med andre og vise kva ein har øvd på. Det gir meg mykje å spele i korpset eller som solist, og både små intimkonsertar og store konsertar er givande for meg. I framtida ønskjer eg å få spele med og få oppleve fleire orkester og korps både i og utanfor Noreg.

Viss eg skulle vere så heldig å vinne drømmestipendet hadde det betydd mykje for meg. Eg ville brukt stipendet til å ta privattimar/meisterklassar med trompetistar, vere med på sommarkurs og andre samlingar, og spare til ein ny kornett og anna utstyr.

Kategori: Musikk

Sted: Førde, Sogn og Fjordane

Nominert: 2016

Medlemmer:

Kristina Fransson (født 1999)
Trompetist

På nett:

Russisk dans av Oscar Böhme med Eikanger Bjørsvik Musikklag
Rondo for Lifey, Bernstein - Andante frå trompetkonsert, Haydn - Russisk dans, Böhme

Bilder: