Emilie Larsen Evebø

Emilie Larsen Evebø går 2. året på studiespesialisering ved Firda vgs. Emilie er ei svært reflektert og engasjert jente som henter mykje av inspirasjonen frå det som skjer i kvardagen - som samfunnsforhold, natur og menneska rundt henne. Ho set seg ned for å skrive når ho får ein ide til ein tekst. Då skriv ho gjerne heile teksten med ein gong, slik at ho får ut alle tankane rundt det aktuelle temaet. Så bruker ho gjerne mykje tid på å lese gjennom og jobbe med teksten før ho blir heilt nøgd, og får gjerne andre til å lese den og komme med tilbakemeldingar. Emilie har eit sterkt ynskje om å gjere samfunnet bevisst på alt det fine og positive som finnast rundt oss. Vi har ein tendens til å gløyme det positive, vi gløymer å setje pris på kvardagen og på livet vårt. Vi må hugse å nyte det! Emilie er også svært tankefull, og ho treng å skrive for å få letta på alle tankane sine. Det er godt å skrive for å setje ord på kjensler, kunne formidle både takksemd og glede, men også frustrasjon og sinne.

Drømmen

Eg er ei 17 år gammal jente frå Sandane som lærte meg å skrive allereie då eg var fire år gammal, og har sidan det hatt stor glede av å uttrykkje meg skriftleg, både gjennom små fantasihistorier og lengre, saklege tekstar.

  Det å skrive føler eg er ein god måte å få ut alle tankane mine, og ein god måte å få andre til å reflektere rundt emna eg skriv om. Opp gjennom åra har eg skrive svært mykje, noko som har hjelpt meg gjennom vanskelege periodar i livet. Det å få tankane ned på ark, og å setje ord på dei, det har letta mykje frå det fantasifulle hovudet mitt. Eg har òg alltid vore svært knytt til menneska og naturen rundt meg, men opplevd at andre ikkje ser ein like stor verdi i det. I det siste har tekstane mine i hovudsak handla om dette, fordi eg vil bevisstgjere samfunnet.

  Etter kvart som eg har blitt eldre har eg sett stor framgang, både i refleksjon og fagleg. I starten heldt eg alle tekstane for meg sjølv - eg mangla trua på at dei var verdt å vise fram. Etter mykje positiv tilbakemelding frå norsklærarane mine og etter kvart familie og venner fekk eg litt og litt meir trua på meg sjølv, og turte å sende inn eit lesarbrev til lokalavisa. Eg hadde lita tru på at dei ville trykke det, men då dei gjorde det fekk eg motivasjon til å skrive meir, og sende inn til større aviser. Tekstar trykte i fleire aviser og gode tilbakemeldingar frå kjende og ukjende har gitt meg både glede og trua på at eg kan nå langt med skrivinga.

Aleine kjem eg aldri til å revolusjonere mennesket som art, det ville vere heilt urealistisk av meg å tru eg kunne oppnå noko slikt. Men eg vil kjempe for det, setje i gong en prosess, få tankane til å kome i gang. Det er det som er draumen min, å gjennom skriving gjere samfunnet rundt meg meir bevisst på alt det fine i livet. Eg meiner mennesket generelt er gått inn i ein rutine, der ein i si eiga individuelle, materialiserte boble gløymer å faktisk leve. Ein er til stades, utan å leggje merke til kor fantastisk det er at alt er til. Inni denne bobla kan ein då fort bli utakksame, og dette vil eg gjere noko med.

  Eg vil fortsetje å skrive små tekstar som kan inspirere, og prøve å få dei på trykk. Eg har òg i mange år hatt ein draum om å skrive ei bok, slik at eg kan nå ut til enda fleire og ein dag kjøpe mi eiga bok i butikken. For å få til dette krev det svært mykje mot og sjølvtillit, noko drømmestipendet hadde hjelpt ufatteleg mykje på. Utvikling er òg svært viktig for å få til å skrive ei heil bok, og om eg er så heldig å få drømmestipendet vil det finansiere skrivekurs så eg kan bli enda betre. Drømmestipendet hadde nok vore den største bekreftinga eg kan få på at eg kan oppnå draumen min.


Kategori: Skapende skriving

Sted: Gloppen, Sogn og Fjordane

Nominert: 2017

Medlemmer:

Emilie Larsen Evebø (født 1999)
Skribent

Mediafiler:

Da vinden tok han
Ein rutineprega kvardag
Er det ikkje nok å vere deg?
Folkefiende eller helt?
Sjå deg rundt