Ingebjørg Hegge Bratrud

Eg har spelt langeleik sidan 2007, då var eg 7 år. Eg bur i Valdres, der langeleiken har vore brukt i ubroten tradisjon sidan 1500-talet. Det har òg vore spelt langeleik i slekta mi i generasjonar. Eg har gått i Nord-Aurdal kulturskule i snart ti år, siste åra med Elisabeth Kværne som lærar. Eg lærer og mykje av tante Gunvor Hegge, og mor mi, Oddrun Hegge.

Eg har deltake på Strunkeveko fleire gonger. – Strunkeveko er eit sommarkurs og samling for ungdommar som har lyst til å spele folkemusikk og danse folkedans. Ein gong i månaden er det samling for FolkemusikkUNG i Valdres, ein øvings- og utviklingsarena for ungdomar som spelar og dansar. Dette er på Valdres Folkemuseum. Gruppa vann landskappleiken i 2016 og var med og dansa i Operaen i fjor haust. Dansen er viktig for meg for å utvikle rytmekjensle og forståing mellom forteljinga i musikken og formidling gjennom kropp og rytme. Det betyr òg mykje å ha eit miljø rundt heilheita i hobbyen.

Eg har hatt sommarjobb på museet dei to siste åra. Her har eg kunna reflektere over instrumentet, musikken og vår norske arv i møte med nordmenn og gjester frå andre land. Eg har sett at formidling er viktig, evna til å formidle, ha kunnskap å formidle, byggje på erfaring og bevissheit. Det er viktig jamvel i møte med andre folkemusikktradisjonar og andre folkemuskkinstrument i vårt eige land.

Eg har vore så heldig å bli godt motteken i det «vaksne» langeleikmiljøet. Knut og Ole Aastad Bråten, Marit Steinsrud, Ingrid Fossum, Magnhild Karsrud, - for å nemne nokre, har villig delt låttar og erfaringar med meg.

I 2015 var eg og Ida Kristine Opheimsbakken som er medelev på langeleik, med på UKM-turnè i Valdres. Grunna nominasjon til draumestipendet i 2016 fekk eg delta på konserten «De nominerte er» under Lillehammer Ungdoms-OL.

Eg har vore instruktør på kurs for vaksne i regi av Norsk Langeleikforum, Bul Sarpsborg, og lokale kurs. Eg har òg vunne fem Valdres-kappleikar og tre Landskappleikar.


Drømmen

Min draum er å bidra til å føre langeleiken, musikken, tradisjonen, stoltheita over eit stykke norsk kultur vidare inn i framtida. For å gjera dette, må eg dykke djupare i arkivet, oppsøkje fleire lærekjelder, tileigne meg kunnskap om instrumentet både i norsk og internasjonal samanheng, lære meir om musikken, mogelegheiter og grenser. Eg ynskjer difor å søkje om draumestipendet for å utvikle meg meir som tradisjonsformidlar, musikar, vera ein god ambassadør med rik kunnskap om dette som har vore hobbyen min sidan 2007.