Inga Ragnhild Skogseth

Namnet mitt er Inga Ragnhild Skogseth, eg er 17 år. Min draum er å bli skodespelar. Den draumen har eg hatt veldig lenge, og dette er noko eg verkeleg brenn for. Teater er for meg både ein viktig uttrykksmetode og ei høgt verdsett kunstform. Teater gir meg glede, eit avbrekk i ein elles hektisk kvardag, lærar meg mykje om medmenneska mine og gir meg eit meir ope syn, gjennom at eg må setje meg inn i forskjellige rollar og situasjonar. Eg synes også teater er viktig, for meg personleg og . Eg har vore elev på Kulturskolen på Indre Nordmøre sidan eg begynte på barneskulen. Eg begynte på dramaundervisning da eg var seks år, på danseundervisning da eg var sju år, og i tillegg har eg fått songundervisning i to skulesemester og. I danseundervisninga har eg hovudsakleg delteke i ballett og jazzdans, men har også vore innom og kan det mest grunnleggjande i dansestilar som hip-hop og moderne. Dette er noko eg håpar eg kan bruke i framtidige oppsetjingar, da eg er veldig interessert i musikalteater. Etter eg begynte som kulturskuleelev har eg vore med i mange oppsetjingar, både sjølvskrivne og ikkje, og interessa har aldri falma, verken for dans eller teater. Etter som eg har blitt eldre og dramaundervisninga har blitt meir avansert, har kjærleiken for teaterfaget vorte større. Eg elskar kor mangfaldig og utfordrande teater er. Vi har òg i seinare tid fått meir utfordrande rollar og fått utforske fleire sider med både oss sjølve, og faget. Det er det som gjer at eg veit at det er dette eg vil bli, at det er dette eg vil gjere resten av livet mitt. Eg er veldig ivrig etter å utforske alle desse sidene og å utvikle meg som skodespelar. Det er også det som er fint med teater, ein blir aldri ferdig, aldri utlærd. Det er alltid noko nytt ein kan lære, alltid fleire rollefigurar ein kan setje seg inn i og utforske, alltid nye former ein kan prøve.

Drømmen

Draumen min er å kunne leve av skodespel på heiltid. Etter vg3 planlegg eg å søkje meg inn på Romerike Folkehøgskole og seinare teaterlina ved KHiO. Eg har også veldig, veldig lyst til New York og utforske musikalteater meir. Kanskje eg til og med kan prøvespele for ein rolle på Broadway!? Eg har veldig store draumar, og eg håpar Drømmestipendet kan hjelpe meg litt på vegen til å nå desse draumane.

Kategori: Teater

Sted: Surnadal, Møre og Romsdal

Nominert: 2017

Medlemmer:

Inga Ragnhild Skogseth (født 1999)
Skodespelar

På nett:

Vedlegg 1
Vedlegg 2
Vedlegg 3

Bilder: