Ole Henrik Risøy Solheim

Hei! Eg heiter Ole Henrik Risøy Solheim og kjem frå Gilja, ein liten stad i Rogaland. Då eg såg ”Les Misérables” i London, vart draumen min planta. Tenk å ein gong få lov til å vere musikalartist og stå på ein scene framfor fleire hundre menneskjer. Tenk å ein gong få lov til å leve av song og teater. Det er sjølvsagt lov å drøyme, men draumar kan også bli verkelege.

Då eg var eit lite barn formidla eg setningar utan å bruke eit einaste ord. Eg formidla med det eg hadde: tonar. Då eg vart eldre formidla eg gjennom ord og setningar i tekstar og noveller. Desse orda og setningane vart til dikt og songar, og eg kunne formidle meg sjølve gjennom musikk. Formidlinga har vore med meg gjennom heile livet. Eg har ei sterk trong til å vise noko, uttrykkje meg sjølve og fortelje noko gjennom musikk, song, dikt, dans og drama. Det gjer noko heilt spesielt med meg. Eg blir heil gjennom formidlinga.

Eg har hatt undervisning i song i fem år. Eg byrja i 2013 på Gjesdal kulturskule. Her hadde eg Kersti Ala-Murr som songlærar. Ho er ei estisk operasongar. Ho hadde eg i to år før eg byrja på vidaregåande skule i 2015, Kongshaug Musikkgymnas. Her har eg gått i tre år med song som hovudinstrument. Grete Inger Berge har vert min songlærar. Av både Ala-Murr og Berge har eg fått songopplæring i klassisk musikk, men også musikalsongar. I tillegg til song har eg også hatt undervisning i piano i 9 år, og saxofon i 1 år.

Eg byrja tidleg med drama gjennom valfaget ”sal og scene” på ungdomskulen. I faget satt vi opp musikal kvart år. Eg var blant anna Kasper frå Kardemommeby i 2014 og Danny frå Grease i 2015. Erfaringane eg fekk her vart gnisten til å byrje med musikkteater. På Kongshaug Musikkgymnas fekk eg opplæring i drama. Her fekk vi lære ulike dramateknikkar som ”frys” og vi lærte om dansens grunnelementar ved Rudolf von Laban. Medan eg gjekk på Kongshaug Musikkgymnas har eg fått spele Emil frå Astrid Lindgren og framføre duetten ”Tonight” frå West Side Story. Alt dette har forsterka mitt ynskje om å dramatisere og formidle.

Eg har evne til å setje meg inn i nye ting, og lære meg det fort, i og med at eg er særs strukturert. Dette trur eg er ein viktig eigenskap å ha med seg til Musikkteaterhøgskulen. Eg er ofte å sjå i leiarstillingar. I 2013 starta eg opp eit kor: SELA. SELA leia eg i to år før eg flytta for å byrje på Kongshaug Musikkgymnas. I 2017 fekk eg rolla som ”Misjonsprosjektleiar”, som er å leia eit stort innsamlingsprosjekt som russen ved skulen driv. Klassen utpeikte meg til dette, noko som tydar på at klassen stolar på meg som ein god leiar. Eg er ein person som likar å ha kontroll, men er og klar for alt det uventa noko ein ser når eg improviserer.

Mi kjærleik til formidling gjennom tekst byrja med skriveoppgåver på ungdomsskulen - vi skulle skrive skjønnlitterære tekstar. Etter dette klarte eg ikkje halde pennen i ro, og eg skreiv til konkurransar. Eg vann to skrivekonkurransar, og dette gav meg tur til Russland og tur til Oslo på forfattarkurs med Vigdis Hjorth. Vidare byrja eg å setje melodi til nokre av tekstane, og lage musikk. Ein av desse songane framførte eg på UKM i 2015. Eg hadde også eigenskrivne songar på min solokonsert i 2017. Responsen eg får på songane mine får meg til å halde fram med musikk og skriving. Det rører folk på ein heilt annleis måte, og eg vil fortsetje å gjere det.

Drømmen

Draumen min er å drive med det eg elskar aller mest: Å formidle. Eg ønskjer å bli musikalartist og jobbe med song og teater. Eg vil stå på dei store musikalscenane i London og spele dei kjente rollane som ”The Phantom” frå ”The Phantom of the Opera” eller ”Marius Pontemercy” frå ”Les Misérables”. Eg har også ein stor draum å få lov til å skrive og komponere eigne musikalar. Å få sjå sin eigen musikal bli framført på ein av dei store scenane i London er nok ein av mine største draumar.

Musikalyrket er krevjande og draumen kjem ikkje til å bli lett. Men behovet mitt for å formidle er så sterk, at det kjem til å bli min driv. Dersom eg får draumestipendet vil det hjelpe meg å finansiere draumen min om å studere ”Musical Theatre” på skulen Mountview i London. Dette er ein skule som er krevjande å gå på nettopp på grunn av dei vil forberede elevane for det krevjande yrket som musikalartist. Eg trur denne skulen kjem til å gje meg mykje og kjem til å lære meg utruleg mykje. Dersom eg vinn Draumestipendet kjem det også til å bli ein stor motivasjon at nokon har tru på draumen min. Det er sjølvsagt lov å drøyme, men draumar kan også bli verkelege.