Selma Fisketjøn Christensen

Teater - ei verd full av magi, følelser og glede. Det er noko som betyr utrulig mykje for meg, både no og gjennom store delar av barndommen min. Så lenge eg kan hugse har eg alltid likt å lage show i stua og bli med på forestillinger på skulen. Den gode følelsen av å være ein del av noko, senke skuldrene og fokusere på ein ting - teater. Alt anna som foregår i livet mitt forsvinn, det er berre meg og teaterstykket som eg fokuserer på. Når eg starta på teater for omtrent sju år sidan hadde eg aldri tenkt at det skulle bli ein så stor del av meg. Då var det noko som eg berre gjorde for kjekt, men no er det noko heilt anna. Kvar gong eg set foten inn i øvingsrommet klarer eg å puste, det blir ein liten pause frå livet. Uten teater hadde eg ikkje klart å vore meg sjølv heilt ut.


Heilt sidan eg har vore liten har eg laga show i stua. Eg laga danseshow i pausen til "Skal vi danse" og holdt konsertar etter me hadde sett musikaler. Men det største av alt var teaterstykka eg øvde på i fleire dagar. Det var ikkje berre heime eg hadde forestillinger, eg var også med på alle forestillingane eg kunne på barneskulen. 

Eg hugsar ikkje første dagen eg begynte på teater, men eg hugsar den første store forestillinga eg var med på - Jungelboken. Eg skulle være Kaa, den sleipe og slemme slangen. Då gjekk eg i fjerde klasse og eg hugsar eg tenkte eg var verdas heldigaste jente, som fekk være med å spille på den store scenen på Bryne; Storstova! Opp i gjennom åra har eg spelt i mange andre forestillinger på Storstova og på mindre scener. Blant anna Pippi, High school musical og Annie, og no til våren skal eg være med i "Rom rives" og "Det var ein gong- som i eit eventyr". 


I niende klasse hadde eg ein pause frå teater siden det vart litt travelt. Men det tok ikkje lang tid før eg fant ut av at eg mangla noko i livet mitt. Det var som om ein del av meg var vekke. Eg hadde ikkje same motivasjon og glede som eg hadde før. Det tok litt tid før eg forstod kva det var. Men då eg såg "Billy Elliot" på Sandnes Kulturhus,  klarte eg nesten ikkje å sitte i ro fordi eg vart så riven med. Med ein gong eg kom heim satt eg på sangane frå skodespillet. Eg dansa og sang med til sangane i fleire månedar etterpå.


Ein anna ting med teater er at det handler like mykje om alle folka eg skal omgås med. Og det er alltid like befriende å komme å møte dei nye skuespillerene og kjenne at vi er like rare alle saman. Alle står med åpne armar og vil hjelpe. Det er ingen konkuranse om kven som er best når me held på med eit teaterstykke. Me gjær kvarandre gode og bygger kvarandre opp! Det er eit så godt og varmt miljø i teateret at eg skulle gjerne ha budd på eit teater om det var mogleg. 

Drømmen

Min største draum er å få leve av å bli skodespelar! Eg vil bli skodespelar på det norske teateret, og få lov til å stå på scenen med mange flinke og proffesjonelle mennesker, for å gi kunst til folket. Teater gjer at eg føler meg fri. Men det er ikkje berre derfor eg gjer det. Eg gjer det også for alle folka som skal sjå på, for å få fram følelser, minner og formidle et budskap. Og ikkje minst er det underholdende. Eit stykke som eg har utruleg lyst til å spele på det norske teateret er "The Sound Of Music" eller "Willy Wonka og sjokoladefabrikken", fordi det er stykker som eg elska heile barndommen! Tenk å få "leve" i ein enormt kul fantasiverd på grunn av jobben din. 

Ikkje berre vil eg stå på scenen på det norske teateret, men eg vil også prøve meg i ein film. Eg har alltid likt å gjær noko ekstra med filmoppgåver på skulen, der eg har dramatisert. Om eg hadde fått lov til å prøve meg i ein ordentleg filmproduksjon hadde eg blitt veldig kry. Dersom trilogien til Sigbjørn Mostue "I morgen er alt mørkt" blir til film hadde eg vore overlykkeleg om eg kunne fått lov til å spille i den. Den trilogien viser kor enormt avhengige vi er av kvarandre. Det har gitt meg noko å tenke på, og det hadde betydd mykje om eg kunne fått ei filmrolle i denne!

Som dei aller fleste så har eg eit forbilde og idol. Mitt forbilde er Henriette Marø og eg vil nå like langt som ho. Ho seiar at det e viktig å være nysgjerrig og ta alle oppdrag på alvor! Det er noko eg tenker på kvar gong eg spelar at uansett kven eg spelar med skal eg ta det like alvorleg! For det er slik eg kan bli betre og kanskje ein dag bli oppdaga! 

Draumane mine er ikkje lette å oppnå, men eg må bestemme sjølv om eg vil at det skal forbli ein draum eller om det skal bli verkeligheit! Eg vil ikkje bli skodespelar for å bli kjent eller for å få oppmerksomhet, men for at eg skal ha det bra og trivast med det eg halder på med! Å bli skodespelar krever enormt mykje jobbing og øving. Det er utruleg stor konkuranse for å nå til toppen. Men no er det det som er draumen og då kan skal eg gjere alt for å få det til! Om eg hadde blitt tildelt Drømmestipendet ville eg ha brukt det på teaterkurs slik at eg kan bli enda betre! I tilleg hadde det gitt ein enorm motivasjon på min veg til å bli skodespelar! 

Kategori: Teater

Sted: Time, Rogaland

Nominert: 2019

Nominerte:

Selma Fisketjøn Christensen (født 2003)

På nett:

Rom Rives
Fillefrans frå Annie
Dikt av Kolbein Falkeid
"Det er deg, ikke meg"

Bilder: