Sebby Mikkelsen

Eg er ein 17 år gammal gut frå Tysvær, som har song som hovudinstrument. Eg går i 1. klasse på Vardafjell Vidaregåande, på ei studiespesialiserande linje.

Musikk har alltid vore ein del av kvardagen min, og eg er vekst opp i ein musikalsk heim. Bestemora mi spilte piano og song for mor mi kvar einaste dag, noko som mamma vidareførte til meg og mine sysken. Heilt sidan dag 1, har eg vore interessert i musikk. I følgje mor min så låg eg og nynna på «The Sound Of Music» frå filmen ‘The Sound Of Music’ før eg kunne snakka. 

Eg fekk min fyrste gitar til 3 års dagen, men lærte ikkje å spele før eg fylte 4. Eg satt meg ned med systera mi, og ho lærte meg alt eg kan i dag. Det var fyrst då eg var 8 fann ut at eg hadde absolutt gehør. Eg spelte noko på gitaren, og flytta det over til eit keyboard eg hadde. Dette er noko som seinare utvikla seg til at eg kan harmonisera til alt, eg kan identifisera lyder som tonar og vidareføra det direkte til ulike instrumentar.

Tysvær kulturskule har alltid vore som ein heim nummer 2 for meg. Eg har gått heile 10 år på kulturskolen! 6 år på song, 5 år på cello, 1 år på piano, 1 år på gitar og 1 år på teater. Utanom dette har eg spelt i Førland Skulemusikkorps i 7 år. Saman med songlæraren min har eg hatt opptredenar med stoff frå fleire tidsepokar pg på mange ulike språk. Eg har både gjort framføringar solo, og med andre talentfulle instrumentalistar og songarar. Møte med ulike sjangrar og språk, har verkeleg gjort at eg har fått utfordra stemma mi, og dette får meg til å kjenne at eg har tatt  mine fyrste steg til å bli ein ordentleg songar. Alt dette har inspirert meg til å vidareutvikla stemma mi endå meir, i håp om å klare å meistra fleire songteknikkar.   

Inspirasjonen min musikalsk, må først og fremst vere Frank Sinatra. Han var ein eksepsjonell jazz songar med fantastisk kontroll over stemma, noko som eg beundrar veldig. Frank døydde i 1998 i ein alder av 82 år, så eg fekk dessverre aldri opplevd han "in person".


Drømmen

Det fyrste målet eg har sett meg, er å få spela nokon av songane mine inn i studio. Eg har lyst å formidla og uttrykke meg sjølv i gjennom musikk, men samtidig lage noko som andre kan kjenna seg att i, og relatere seg til.  

Når eg lukkar augo mine, ser eg for meg at eg står på ein enorm scene, med eit ensemble rundt meg. Framfor meg er det ein sal full av publikum, og det lyser på meg frå alle kantar. Når musikken startar, går publikum i ekstase, og stemninga er til å ta og kjenne på. Musikken eg har laga har appellert til nokon andre! Publikum syng med, dei veivar plakatar og lys frå mobilar mot meg. Andre gonger så ser eg for meg noko mørkt og intimt. Det er eit lite lokal kor folk hyggjer seg med andre, tar ein liten prat og nyter ein vidunderleg matbit. Når musikken kjem på, ser eg at folk forsvinn inn i songen og kjensler blir vekka. Begge scenariene appellerar til meg, det einaste som er viktig, er at eg får formidle musikk!

På vegen mot draumen min har eg eit ønske å få møte fleire av mine førebileter. Få inspirasjon til korleis eg kan forbetre songskrivinga mi, og få råd om korleis eg kan bli meg til mitt fulle potensial.

Skulle eg fått pengar frå Draumestipendet, ville pengane gått til proffosjonell studiotid, nye instrumenter, ulike verkstadkurs samt til utgifter. Viss eg hadde fått songane mine på radioen, hadde draumen allereie vert på god vei til å bli heilt oppnådd.

Musikk får meg til å føle meg heil innvendig, og er noko eg kjem til å fortsette med til den dagen eg døyr.

Kategori: Musikk

Sted: Tysvær, Rogaland

Nominert: 2019

Nominerte:

Henrik Sebastian Mikkelsen (født 2002)

På nett:

Somewhere over the Rainbow
Rollin in the deep
Dj Got Us Fallin`in Love - usher
"Ressurection" av Sebby