Bilde av Cecilie Welde

Cecilie Welde

Eg heiter Cecilie Welde, speler valthorn og studerer utøvande musikk ved Norges Musikkhøgskule. Eg har spelt valthorn i fem år no. Når eg først byrja i korps spelte eg althorn, som eg lærte gjennom skulekorpset. I niande var eg veldig interessert i å spele meir klassisk musikk, og byrja difor å ta privattimar for å lære meg å spele valthorn. Å bytte fra althorn til valthorn var ein stor skilnad, sjølv om instrumenta kan virke like. I to år spelte eg begge parallelt, men etter det bestemte eg meg for å satse på valthorn. Eg fortsatte med valthorn på musikklinja på vidaregåande. I 2019 fekk eg spele med Bjergsted Blåseensemble på NM i 2019, og spele mykje med det lokale amatørorkesteret. Same året hadde eg moglegheit til å dra på ulike kurs om sommaren, sidan eg var heldig og hadde fått eit legat året før. Først drog eg til Belgia på International Horn Symposium, kor eg fekk høyre store musikarar spele, lære mykje og spele sjølv for dyktige lærarar. Deretter drog eg til Voksenåsen Sommerakademi i Oslo, som var svært inspirerande, og eit kurs eg ynskjer å dra tilbake til. I vår blei eit av mine største ynskje oppfylt, då eg kom inn på musikkhøgskulen. Så på tross av alt som blei avlyst av konsertar og prosjekt i vår, fekk eg noko å sjå fram til og jobbe mot. No har eg flytta til Oslo og studerer her. Valthorn ga meg fleire moglegheitar, og desse moglegheitane ga meg større interesse og entusiasme for musikk. Valthorn er no det vakraste eg veit. Instrumentet har ei slik breidde som kan formidle dei vakraste melodiar og mest intense partier. Dei svakaste motiver og sterkaste utbrudd. Dette motiverer meg til å arbeide vidare med musikk.

Drømmen

Eg ynskjer å oppleve så mykje som mogleg. Eg ynskjer å fortsette å studere og lære mykje, og ein del av draumen går foreløbig ut på det. Å dra på kurs er ein veldig viktig del av dette, og eg drøymer om å kunne dra rundt i verda på kurs og seminar og spele for dyktige og talentfulle musikarar. Å dra og oppleve nye ting er noko av det kjekkaste eg veit, og det er utruleg inspirerande å møte nye folk, gå på kurs og konsertar, og lytte til ny musikk. Dette ynskjer eg å gjere meir av. Om eg får sjangsen til å dra nokon stad i år, ynskjer eg å dra på Voksenåsen Sommerakademi og Kammerakademiets Sommerkurs. I tredje året mitt på musikkhøgskulen ynskjer eg også å dra på utveksling. Dette er ein del av drøymen om å oppleve nye ting, møte folk og reise. Eit mål i nær framtid er å kunne kjøpe meg eit nytt, bedre og meir proft instrument. Ein stor draum eg har er også å kunne delta i nye typar prosjekt som eg kan lære av. Eg er blant anna svært interessert i musikalar, og spelte i orkester under eit par musikalar på vidaregåande. Dette inspirerte meg veldig, og auka interessen min for denne sjangeren. Eg kunne verkeleg tenkt meg å delta i fleire musikalprosjekt, og kanskje også å delta i utviklinga av slike prosjekt. Draumen er altså å kunne dra rundt i verda på kurs og konsertar. Møte andre musikarar, delta i prosjekter og utvikle meg.

Kategori: Musikk

Sted: Karmøy, Rogaland

Nominert: 2021

Nominerte:

Cecilie Welde (født 2001)

Lenker:

Richard Strauss Hornkonsert no. 1, 1. sats
Larsson - Horn Concertino