Bilde av Ola Ur Sæbø

Ola Ur Sæbø

Hei! Eg heiter Ola, eg er 21 år, og eg ynskjer å drive med musikk, og den store draumen er å driva med komposisjon og direksjon. Komposisjon ei fantastisk plattform for meg å uttrykkja meg på. Det er ei herleg blanding mellom å vera komfortabel og kjenna meistringsføling, og det å ikkje ha snøring på kva ein driv med. Då eg gjekk på komposisjonskurs med Rune Rebne, fekk eg erfare at eg verkeleg ikkje visste kva eg dreiv med, på samme tid som eg hadde god peiling på kva eg dreiv med. Eg kan komponera eit stykkje som eg ser meg nøgd med ein dag, og tenkjar er heilt ubrukeleg neste dag, noko som hende med Pater Noster, og det er noko av det som er spanande med å jobbe kreativt. Komposisjon let meg òg skapa noko som både vekker følinger, men òg kan vera tvetydig, og det er essensen av det eg vil driva med: noko som klarar å vekka følinger. Kvar ein kar kan skriva bakgrunnsmusikk, men eg ynskjer å skrive musikk som vekker noko i lyttaren, samt får lyttaren til å tenkje.

Drømmen

Målet med å søkja på dette stipendet er blant anna å få støtte til å utføra draumen og få anerkjenninga av etablerte musikere for å få ein moralsk boost, samt bruke dette som eit springbrett for å stifta nettverk og få anledning til å drive med det eg vil gjera. Den økonomiske støtta skal eventuelt gå til å få timer hos ein komposisjonslærar for å utvikla mi stemme i musikkverda, direksjonstimer hos Marit Tøndel Bodsberg Weyde for å få kompetanse til å kunne instruere og dirigere musikere som skal spille musikken min, og ikkje minst få ein innspeling av eit stykke eller to. Dette er ikkje nødvendigvis berre for å stifta ein portefølje, men òg for å kunne vite at eg har tatt det fyrste steget, og at eg har dokumentasjon på det. Når det kjem til kva eg vil gjera etter stipendet er brukt opp, så er det litt vanskeligere å kommentere på. Eg er ein stor tilhengjar av det å ta dei sjansane som dukker opp, og viss nettverket eg skaffar meg gjer meg ei stor sjanse i eit eller anna som eg ikkje hadde sett for meg, må eg nok ta ho. Men noko eg er heilt sikker på at eg vil, er å skriva ein musikal. Musikal er ei fantastisk blanding av musikk, dans og drama, og ein god musikal greier å nytte seg av det beste av alle kunstformene for å danna eit spektakulært show, og ikkje minst eit samla uttrykk. Musikalteater er noko eg synes er veldig spanande, og det er ein kunstform som let meg kombinera både min rytmiske og min klassiske kompetanse, så eg kjem nok til å prøve å snevre meg inn til å skrive musikaler. Eg håpar dokk ser meg som ein reell kandidat, og uavhengig av korleis de vurderar meg, vil eg takka dykkar for at eg blei tvungen til å skriva ned draumen min, sidan det nå er lettare å forholda seg til det når det er rett foran meg. Tusen takk for sjansen. Ola

Kategori: Musikk

Sted: Time, Rogaland

Nominert: 2021

Nominerte:

Ola Ur Sæbø (født 1999)

Lenker:

Haust, T: Arne Garborg
Pater Noster
Strykekvartett i Gm